Sleepwalker Studioalbum av The Kinks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. februar 1977 (USA)[1] 26. februar 1977 (Storbritannia) | |
Innspelt | 1. juli – 20. desember 1976 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:10 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
---|---|---|
Schoolboys in Disgrace (1975) |
Sleepwalker | Misfits (1978) |
Singlar frå Sleepwalker | ||
|
Sleepwalker er det 15. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks. Det kom ut i 1977. Albumet markerte ei retningsendring attende til meir beintfram rockesongar etter fleire år med konseptalbum. Det var det første albumet som musikkjournalistane vanlegvis kallar «arenarock»-fasen til gruppa, med meir kommersielle og vanlege produksjonsteknikkar. Albumet var òg det siste albumet deira med bassisten John Dalton, som slutta i bandet under innspelinga. Dalton spelar bass på alle songane utanom «Mr. Big Man».[2] Bandet brukte ikkje blåsarar eller korsongarar, slik dei hadde gjort på dei førre albuma. Albumet var det første dei gav ut på selskapet Arista.